Vil du vere med å utvikle framtidas psykisk helse- og rustenester i Fyresdal kommune?
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk person til arbeid med utvikling av heilskaplege og kunnskapsbaserte lågterskeltenester for barn, unge vaksne og familiar med psykiske helseutfordringar og/eller rusrelaterte problem. Dette er ei 100 % stilling, men noko blir betala av prosjektmidlar, så på sikt kan arbeidsoppgåvene bli endra dersom tilskotsordningane fell bort.
Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei meir robust teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, førebyggande arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi ynskjer at tenesteutviklinga skjer på målgruppas premissar og arenaer, med vekt på tidleg innsats, eigne ressursar og livsmeistring. Vi ynskjer å fremme auka deltaking i aktivitetar som betrar livskvalitet, meistring og som bidreg til eit aktiv og meiningsfullt tilvære.
På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil.
Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, koordinator for førebyggjande arbeid, psykiatrisk sjukepleiar, to fysioterapeutar, ergoterapeut i 30 % (knytt til interkommunalt samarbeid med Nissedal kommune) og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Etablering av lågterskeltilbod i samarbeid med målgruppene.
Den som blir tilsett skal vere med å forme og utvikle stillinga ut frå brukarbehova.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Den som blir tilsett må disponere eigen bil.
Dette er i hovudsak ei dagtidsstilling med arbeidstid 37,5 t/veke. Ein må likevel pårekne noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid. Ein kan om ynskjeleg også kombinere stillinga med helgearbeid; det finst fleire alternativ i sektoren.
Jenny Kiland, Avdelingsleiar, +47 45228097
Landstadvegen 35
3870 Fyresdal
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5147186745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.