Ein av våre CNC-operatørar går av med pensjon, og vi søkjer no ein ny kollega som vil bli ein del av fagmiljøet vårt i Stryn.
Hos Nomek jobbar vi tett på produksjon, produkt og folk. Vi utviklar og produserer løysingar innan platebearbeiding, lastebil- og miljøpåbygg, samt industrikomponentar.
Du har interesse for faget, gjerne fagbrev innan CNC/produksjonsteknikk eller relevant erfaring. Opplæring vil bli gitt.
Har auge for presisjon og kvalitet
Jobbar strukturert og tek ansvar for eiga leveranse
Trivst både sjølvstendig og saman med andre
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk, skandinavisk eller engelsk
Oppsett og drift av CNC-maskiner
Produksjon av delar i små og store seriar
Bidra til flyt og effektiv produksjon
Eit solid fagmiljø med erfarne kollegaer
Moderne maskinpark og variert produksjon
Moglegheit til å utvikle kompetansen din vidare
Eit inkluderande arbeidsmiljø der folk stiller opp for kvarandre
Kort sagt: Du blir ein del av eit lag som lagar produkt som skal fungere - kvar dag.
Nomek er ei moderne industribedrift som leverer avanserte mekaniske løysingar innan lastebilpåbygg, miljøpåbygg og platebearbeiding. Med ein kombinasjon av solid fagkompetanse, moderne teknologi og praktisk produksjonserfaring utviklar vi produkt og løysingar som er bygde for å fungere, også under krevjande forhold.
Vi held til i Stryn, og her disponerer vi 11 300 m² moderne og fleksible produksjonslokale. Kontinuerlege investeringar i digitalisering og automatiserte produksjonslinjer er ein sentral del av vår strategi for å sikre høg kvalitet, konkurransekraft og påliteleg levering.
Vi skapar ekte industri, basert på kunnskap, kvalitet og kontinuerleg utvikling
Sidan starten i 1998 har Nomek vakse til ei robust fagmiljøbedrift med tilsette som har variert bakgrunn frå industri, utvikling og produksjon. Vår samla kompetanse gjer oss i stand til å handtere heile verdikjeda, frå idé og konstruksjon til ferdig produkt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.