Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen.
I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar.
Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at ny seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre.
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Maren Pedersen, Avdelingssjef, Maren.Pedersen@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5142762559
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.06.2026