Avdeling Psykisk helse og rus har ledig ei spennande stilling frå hausten 2026 då ein av våre medarbeidarar skal over i anna stilling.
I psykisk helse og rus jobbar vi tverrfagleg og har både psykolog spesialist, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog og vernepleiar i teamet. Vi jobbar mykje både i team og individuelt. Vi jobbar oppsøkande og tilbyr samtaler på kontoret.
Vi held til i heilt nye lokale i Sykkylven Helsehus, der vi er samlokalisert med legetenesta og heimebasert omsorg.
Kan dette vere noko for deg? Då høyre vi gjerne frå deg!
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765 , kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5146584948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven