Tør du vere den som gjer forskjellen mellom håp og jobb?
Tenk deg ein jobb der du kvar dag får vere med på å endre livet til menneske. Der du hjelper nokon å sjå moglegheiter dei ikkje trudde fanst, opnar dører til arbeidslivet og byggjer sterke relasjonar med arbeidsgivarar som vil gi folk ein sjanse. I Nav Kinn søkjer vi no ein engasjert jobbspesialist som ønskjer meir enn ein vanleg kontorjobb. Vi ser etter deg som trivst ute blant folk, som er nysgjerrig på kva som motiverer menneske, og som får energi av å skape resultat saman med andre.
Du treng ikkje nødvendigvis å kjenne Nav så godt, kanskje arbeider du med oppfølging, rekruttering, undervisning, rådgjeving, praktisk arbeid, helse, kundearbeid eller leiing? Kanskje er du den kollegaen andre går til når dei treng råd, motivasjon eller støtte? Då kan dette vere neste steg for deg.
Som jobbspesialist blir du ein del av eit fagleg sterkt team som hjelper menneske med å finne, få og behalde arbeid. Du får stor grad av sjølvstende, høve til å bygge nettverk i næringslivet og moglegheita til å utgjere ein reell forskjell for enkeltmenneske og samfunnet.
Stillinga som jobbspesialist inneber arbeid både i Førde og Florø, med om lag 50 % tilstedeværelse på kvar stad. Du må difor rekne med fast oppmøte og arbeidsdagar i begge kommunar. Formell kontortilhøyring er Kinn.
Kvifor velje denne jobben?
✅ du får hjelpe menneske inn i arbeid og meistring
✅ variert kvardag med mykje kontakt med menneske og arbeidsliv
✅ stor grad av fridom og sjølvstende
✅ fagleg utvikling innan ein dokumentert metode som gir resultat
✅ fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida
✅ godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiiar, 41377182, lene.ullaland.veka@nav.no
Hans Blomgate 39
6900 Florø
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5158502717
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling