Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?
Bruli bufellesskap søkjer ein engasjert medarbeidar som ynskjer ein meiningsfull jobb der relasjonar, omsorg og menneske står i sentrum.
Hos oss får du moglegheita til å arbeide tett på menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar. Dette er ei spennande stilling for deg som ynskjer å utvikle deg fagleg og personleg, skaffe deg verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid eller prøve noko nytt.
Bebuarane på Bruli bur i eigne leilegheiter og mottek individuelt tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape trygge, føreseielege og meiningsfulle kvardagar der den enkelte sine ressursar, ønskje og behov står i fokus. I tillegg yter me tenester til enkelte brukarar som bur utanfor bufellesskapet.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og eit sterkt engasjement for brukarane våre.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Du må legge fram politiattest før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kyrre Saupstad, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, +47 46618242, kyrre.saupstad@vinje.kommune.no
Vinjevegen 230
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5144104707
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!