Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking.
Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post.
Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse.
infeksjonssjukdommar og akutt sjuke
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154940833
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.