Driftsavdelinga ligg under kommunalavdeling tekniske tenester og har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg. Avdelinga har også eigen verkstad for kommunale køyretøy og består av om lag 40 tilsette. Denne stillinga ligg under vegavdelinga. På vegavdelinga er det i dag 2-3 ledige stillingar. Heradet eig og driftar om lag 310 km veg og har ansvar for over 100 bruer. Vegavdelinga er inne i ei spennande utvikling, med fleire nye anlegg i eigen regi, i tillegg til dei løpande drift og vedlikehaldsoppgåvene på det kommunale vegnettet. Som tilsett hjå oss får du ei variert og viktig rolle i arbeidet med å sikre trygge vegar og vidareutvikle infrastrukturen i kommunen.
Personlege eigenskapar vert vektlagde og me ser etter deg som:
Me tilbyr
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven 5 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført På søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande