Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028.
Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
Vi ser etter deg som har:
Det er ein fordel med:
Du er:
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Hos oss får du:
Sandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203, sandra.skotnes.haugland@vlfk.no
Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868, heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5127412915
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 10.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.