Då vi er i prosess med utvikling av Norsk Fjordhestsenter ser vi etter prosjektmedarbeidar for 2 år med moglegheit for fast stilling.
Vi søker deg som:
· Har hjarte for fjordhesten
· Vil vere med å utvikle Norsk Fjordhestsenter
· Er sjølvstendig og strukturert, men samstundes fleksibel
· Har relevant utdanning, gjerne innan administrasjon og økonomi
· Har gode framstillingsevner, munnleg og skiftleg
· Har relevant erfaring innan prosjektarbeid
· God digital kompetanse
Det er ønskjeleg med relevant høgare utdanning og det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Eit av måla for Norsk Fjordhestsenter er å stimulere til auka bruk av fjordhest. Dette gjer vi mellom anna gjennom å skape gode opplevingar med fjordhest. Som prosjektmedarbeidar vil du i tett samarbeid med dagleg leiar og øvrige tilsette jobbe med utviklinga av senteret.
Fleksibel arbeidstid
Ein samfunnsnyttig jobb med firebeinte kollegaer
Varierte arbeidsoppgåver og -dagar
Moglegheit for fagleg utvikling
Løn etter avtale
Eit lite og godt team som jobbar tett saman
Norsk Fjordhestsenter har som føremål å fremje fjordhesten som nasjonal rase gjennom å gjennomføre nasjonale mål og strategiar innan avl og bruk for fjordhesten. Norsk Fjordhestsenter er eit av tre nasjonale hestesenter i Norge. Fjordhestsenteret har eit nært samarbeid med Norges Fjordhestlag og Fjord Horse International for å vidareutvikle fjordhesten som rase, og som ein god brukshest.