Kommunalsjef helse og velferd
Oppstart: Snarast
Tilsetjingstilhøve: 50% fast stilling/50% engasjement (2 år).
Ulvik herad søkjer etter medarbeidar på Nav-kontoret. Nav-kontoret har 1 kommunal stilling og 1 statleg stilling, og er del av Nav regionen Voss/hardanger. Kontoret er samlokalisert med kommunal flyktningteneste og psykisk helse- og ruseteneste. Stillinga er 50% fast og 50% mellombels i 2 år. Engasjementet på 2 år er primært arbeid mot flyktningar, og kan bli forlenga dersom busetjinga held fram.
Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og nærliggande oppgåver som oppfølging og rettleiing kring bustøtteordninga, bustadsosialt arbeid, og tverrfagleg arbeid. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar. Oppgåvene inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfølging av brukarar inkludert klagesaker.
- Relevant sosialfagleg høgare utdanning på bachelor- eller mastergradnivå, sosionomutdanning er ein føremon.
- Erfaring frå NAV og sosialt arbeid
- God IT-kompetanse
- Erfaring med fagsystemet Socio er ein føremon.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Ulvik er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere gode tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Link til søknadsskjema:
Søk herIdyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana.
Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det.
Ny barnehage opnar hausten 2027.
Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt.
Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk.
vikallar.no