Sørbøvåg Landhandel søkjer Butikksjef i 100% stilling
Sørbøvåg Landhandel er i god utvikling, og framstår som ein lettdriven moderne daglegvarebutikk - litt utenom det vanlege.
Butikken er ikkje styrt av ein kjede, her bestemmer butikksjefen i samspel med kundane. Butikken er digitalisert og har ope 7-24 alle dagar, og er første butikken i Noreg som har fjernbetjent Post i Butikk, og meir nyskaping er på gang.
Fleksibel arbeidstid, god lønn, og gode framtidsutsikter for rett person.
Rett person får også tilbod om å kjøpe butikken.
Har du erfaring frå varehandel, økonomisk sans, og evne til å jobbe sjølvstendig og målretta, er det store pluss,
men det aller viktigaste er at du har:
Godt humør, arbeidslyst, og evne til å skape trivsel.
Er du interessert, ta kontakt med kjøpmann og eigar Roar Nordbø telefon 97 96 22 30
Søknad med CV sendast til post@fjordkick.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Søknadsfrist: 29. juni
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.