Vi har ledig 100% vikariat, som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Basen på Valderøy barneskule for skuleåret 2026/2027. Søkjarar med teiknspråk-kompetanse vil bli prioritert. Vi ønskjer tiltreding i stillinga så fort som mogleg.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. Basen er ei avdeling for born med ulike former for psykisk utviklingshemming, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar pedagogane og fagarbeidarane for at borna skal ha gode dagar og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503
Øvstevegen 19
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5164787828
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.08.2026
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.