Vil du vere med og redde liv – kvar dag?
AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre.
Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld.
👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid.
Det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Torbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, torbjorn.nornes@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5148212176
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 07.09.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 17.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.