I samband med pågåande omorganisering ønskjer vi å styrkje den administrative støtta i tenesteområdet pleie og omsorg (PO). Søknadsfrist 01.07.2026.
Vi søkjer ein strukturert og utviklingsorientert medarbeidar som vil få ei sentral rolle i å koordinere og vidareutvikle administrative prosessar i pleie- og omsorgstenestene. Stillinga kombinerer dagleg drift med moglegheit til å påverke arbeidsprosessar, ressursstyring og digitale løysingar på tvers av tenestene.
Merkantil konsulent 80% fast stilling. Stillinga er organisert under tenesteleiar for pleie og omsorg.
Koordinere vaktbok og innleige ved fråvær
Bidra til god bemanningsplanlegging og turnusarbeid
Følgje opp og kvalitetssikre grunnlag for løn
Administrere og koordinere ordninga med støttekontaktar
Utarbeide arbeidsavtalar og følgje opp administrative delar av tilsettingsprosessar knytt til vikarar og mellombels tilsette
Vere helsetenestene sin kontaktperson mot Abakus, som bistår kommunen med offentlege anskaffingar og innkjøpsprosessar
Bidra til utvikling og forbetring av administrative rutinar og arbeidsprosessar
Andre administrative oppgåver innan tenesteområdet
Evne til å handtere eit høgt arbeidstempo og varierte oppgåver
Gode samarbeidsevner og evne til å sjå tenestene i samanheng
Evne til å løfte blikket og bidra til heilskapleg utvikling
Digital kompetanse og interesse for digitale løysingar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Ei spennande og utviklingsorientert stilling i eit tenesteområde i endring
Moglegheit til å påverke og utvikle arbeidsprosessar på tvers av tenester
Eit samarbeidsorientert arbeidsmiljø
Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene våre, ta i bruk nye digitale løysingar og finne smartare måtar å arbeide på. Målet er å skape gode tenester for innbyggjarane, samtidig som vi nyttar ressursane våre best mogleg. Derfor ser vi etter medarbeidarar som er opne for endring, nysgjerrige på nye arbeidsformer og som ynskjer å bidra til utvikling og forbetring.
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!