Me søkjer ein serviceinnstilt og ansvarsbevisst kjøkkenassistent til pasientane våre på Bryneheimen. Stillinga omfatter tilbereding av mat til pasientene, bestilling- og mottak av varer til kjøkken og internkontroll. Du vil vera ein viktig del av eit team som bidrar til gode matopplevelser og eit hyggelig miljø for både pasientane, ansatte og besøkjande.
Bryneheimen er ein sjukeheim med plass til 61 pasientar fordelt på to etasjar. Det er i hovudsak langtidsplassar, og 16 av plassane er øyremerka personar med demens. Du får arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukermedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg med vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen.
Stillinga er på 70% og du må kunna starta arbeidsdagen kl 7. Det er mulighet for å øke stillingen med å kombinere med helgestilling. Ønsket oppstartsdato 1. september.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Renate Iversen, Avdelingsleiar, +47 95809531
Hognestadvegen 41
4340 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5157794349
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 13.08.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.