Vik kommune har ledig eit vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut i heimetenestene 2, bu og miljøtenesta. Stillinga er ledig frå snarast.
Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!
Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Me søkjer deg som kan gjera kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herVik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.