Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna.
Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta.
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Simen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5126114633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.