Vi har ledig helgestillingar i Heimetenester Rosendal.
Stillingane er på 14,1 % med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.
Stillingen er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter.
Hos oss får du:
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Ved tilsetting blir det lagt vekt på relevant arbeidserfaring og personlige egenskaper, men nødvendig opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord. Ny brukar Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)