Sykkylven kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomirådgjevar for snarleg tiltreding.
Vil du bidra til god styring, effektiv ressursbruk og utvikling, så kan dette vere stillinga for deg.
Som økonomirådgjevar vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil samhandle med alle delar av organisasjonen, einingsleiarar og kommuneleiing. Stillinga rapporterar til økonomisjef. Økonomiavdelinga har til saman 4 stillingar.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
John Henrik Welle, Økonomisjef, +47 93406255, john.henrik.welle@sykkylven.kommune.no
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5147642714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.