Me ynskjer dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun. No er det ei ledig stilling, og me håpar du vil bli vår nye kollega!
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Du som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.