Det skal tilsettast i 146% stilling. Vi ønsker å tilsette 2 sjukepleiarar, kor stillingsstorleiken mellom dei to kan fordelast etter ynske/avtale i løpet av tilsettingsprosessen. Stillingane er fordela mellom legekontor og legevakt og er ledig frå 1.januar. Turnusen består av dagvakter, langvakter på natt i vekedagane og vakt kvar 4 helg. Det vert lagt vekt på personleg eignaheit og evne til både å jobbe sjølvstendig og vera ein god lagspelar. Det trengs også tilkallingsvikar til avdelingane. Dersom dette også skulle vera aktuelt, skriv dette i søknaden.
Du er
Off.godkjent sjukepleiar
Har erfaring frå legekontor og/eller legevakt
Har interesse for akuttmedisin
Er ein god lagspelar og kan jobbe sjølvstendig
Interessert i fagutvikling
Sjukepleiarane jobbar i fremste rekke med pasienthandtering, saman med lege eller sjølvstendig. Mottak av øyeblikkeleg hjelp, behandling og rådgjeving på telefon. Fleire av sjukepleiarane har dela stilling mellom legekontor og legevakt. Vi kan freiste med gode kollegaer i eit godt fagmiljø og med eit godt arbeidsmiljø. Helseavdelinga har stort fokus på fagutvikling, teamarbeid og tverrfagleg samarbeid.
Løn etter Hovudtariffavtala
Pensjon via KLP
IA-bedrift
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
Akuttkurs og regelmessig simulering
Spennande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling
Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har både sjukepleiarar og helsesekretærar tilsett ved avdelinga. Samlokalisert med fysioterapiavdeling og helsestasjon og med avdeling for psykisk helse og rus i same eining. Legevakta er interkommunal og er plassera i på Helsesenteret, Seljord kommune. Helsesenteret er opent mellom 08-15.30 på kvardagar og legevakta er open resten av døgnet og alle helger og høgtidsdagar. Frå 1. januar 2027 er legevakta døgnopen. Sjukepleiar er stasjonera på legevakta med lege i heimevakt.