Vil du vere med og leggje til rette for gode tenester til barn, unge og familiar?
HAFS barnevernteneste har ledig eit 100 % vikariat som merkantil koordinator. Vi ser etter deg som likar å skape struktur, koordinere oppgåver og vere ein viktig støtte for både leiing og tilsette.
Som merkantil koordinator har du ei nøkkelrolle i den daglege drifta. Gjennom administrasjon, dokumentforvaltning, økonomi og koordinering bidreg du til gode arbeidsprosessar, slik at fagtilsette kan konsentrere seg om oppfølging av barn, unge og familiar.
HAFS barnevernteneste er ei teneste i utvikling, organisert under helse og omsorg, der samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som vil vere med å utvikle gode tenester for barn, unge og familiar.
Den som vert tilsett må leggje fram godkjend politiattest.
Vi ser etter deg som tek ansvar, arbeider strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag. Du samarbeider godt med andre, kommuniserer tydeleg og møter både kollegaer og samarbeidspartnarar på ein serviceorientert og profesjonell måte. Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Hos oss får du:
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget. Velkomen som søkjar!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarlista vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herHAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.