Vestre Slidre kommune søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar ved Slidre kulturbarnehage, Røn naturbarnehage og Vestre Slidre skule for barnehage-/ skuleåret 2026/2027. Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store.
Har du lyst til å jobbe med barn og unge, og ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Søknadar blir vurdert fortløpande, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på, og kva tidsrom du kan arbeide. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko😊
Janne Opheim, Rektor Vestre Slidre skule, 97602202, Janne.Opheim@vestre-slidre.kommune.no
Grethe Våtsveen, Styrar Røn naturbarnehage, 97123190, Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no
Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5128967863
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.05.2027
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.