Styrar, Lindås barnehage
Vi har ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar og/eller assistent i Lindås barnehage frå 10.08.2026. Det er behov på ulike avdelingar og i stillingar av ulik storleik.
Fagarbeidar/assistent skal medverke i det daglege arbeidet i barnehagen og vere ein aktiv vaksen i leik, omsorg og læring. Stillinga inneber å støtte barna i utvikling og meistring, bidra til eit trygt og inkluderande barnehagemiljø og delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar. Fagarbeidar/ assistent skal òg samarbeide med kollegaer og føresette.
Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, skule og flotte turområder.
I Sommaren 2021 flytta vi inn i ny, fin barnehage, som med si utforming og innhald støttar barnehagen i å nå sine mål; tryggleik, trivsel, læring og meistring for alle. Vi er ein avdelingsbarnehage med sju avdelingar, der fem er i bruk i dag. Barnehagen har eit spesielt fokus på leik, samspel, språk og lesing. Vi ønskjer å fremje positivt samspel mellom borna og mellom barn og vaksne.
Les meir om barnehagen her
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.