Som driftsoperatør vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med:
Driftsleiar: Martin Lillestøl, mail:
martin.lillestol@efb.no mobilnummer: 48 21 46 58For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium
www.efb.no.Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.
Alle søknader skal sendes elektronisk via
Søk på stilling-knappen på denne siden.Me har utvikla Watermoon; lukka oppdrettsteknologi i sjø, utvikla for å gi laksen eit kontrollert og beskytta miljø - og for å redusere miljøpåverknaden samanlikna med tradisjonelle opne merdar. Systemet beskyttar fisken mot eksterne påverknader som lakselus, og inkluderer kontroll av vannkvalitet og oppsamling av slam. Watermoon er eit av dei største satsingsområda våre framover, og du får vera med å vidareutvikle konseptet som ein sentral del av Eide-konsernet i åra som kommer. Her får du vera med å forme framtidas havbruk gjennom ny teknologi og nye driftsformer, i eit fagmiljø som er i sterk vekst.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.