Hospitaldrift er ei av adelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinke tenester og - produkter til føretaket.
Hospitaldrift har 8 einigar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Vaskeri er ei av einingane og har som oppgåve å forsyne Helse Bergen med tekstilar for pasitentar og tilsette på dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar tekstilar i sitt arbeid. Einiga har om lag 60 tilsette.
Sjukehusvaskeriet vaskar om lag 13 tonn tekstilar kvar arbeidsdag, 5 dagar i veka. Vi held til i eige bygg på hovudområdet til Haukeland universitetssjukehus. Vi vaskar primært for Helse Bergen, men har i tillegg produksjon for nokre eksterne kundar.
Produksjonstida varierer innanfor tidsrommet frå kl 07.00 til 17.00, måndag til fredag, samt 1200-2000 og eventuelt kvar 6 helg.
Hos tekstilforsyning har vi ledig 4 faste 100% stillingar.
Sønad på anna språk enn norsk vil ikkje bli vurdert.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Christine Grimstad, Seksjonsleiar, 92619705
Arild Augustinussen Ottem, Seksjonsleiar, 91878683
Jonas Lies vei 65
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5126609022
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.