Her kan du søka dersom du ønsker å vera tilkallingsvikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta:
Video:
https://youtu.be/5TIhcmaLglYOm du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge.
Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp.
Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me har kontor i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!