Stryn vidaregåande skule ligg sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har om lag 270 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. I tillegg har vi landslinje i skiskyting og vaksenopplæring i sal, service og reiseliv (Gloppenmodellen) og modulstrukturert opplæring for vaksne i salsfaget. Vi legg vekt på kvalitet i opplæringa, nær kontakt med arbeidslivet, eit inkluderande læringsmiljø for elevar og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Vil du vere med og skape ein god møteplass for elevar og tilsette? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt kantinemedarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og gode matopplevingar i kvardagen. Stryn vidaregåande skule har ledig ei 70 % fast stilling som kantineassistent med oppstart 01.08.2026.
Som kantineassistent er du med og hjelper til i den daglege drifta av kantina og er ein viktig person i å skape gode opplevingar for elevar og tilsette. Dine arbeidsoppgåver vil være:
Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan kantinedrift, kjøkken eller bakeri. Ved vurdering av søkjarar vil det verte lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi søkjer deg som er:
Marit Løvøy Gascogne, avdelingsleiar, 48066029
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5146768332
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.