I løpet av ein heilt vanleg måndag vert store mengder varer frakta over grensa. Dei kjem med fly, med båtar, med bilar og lastebilar frå heile verda, før dei held fram ferda si ut til næringsliv og privatpersonar. Kvar dag kontrollerer vi varer, køyretøy, båtar, privatpersonar og bagasje, for å sikre at varene som kryssar grensa fyller krava i norske og internasjonale lover og reglar. Slik vernar vi Noreg, næringslivet og folka som bur her.
Vi trur næringslivet og folk flest ynskjer å gjere rett, og vi ynskjer å bidra til at det er enkelt. Men for å sikre etterleving både kontrollerer og sanksjonerar vi. Norsk næringsliv og internasjonal handel treng ein kompetent og effektiv tolletat for å sikre rettferdig konkurranse og like høve til vekst.
Vareførselsdivisjonen er under endring og vi skor oss for å møte framtida med auka digitalisering, effektive prosessar for næringslivet og bruk av ulike verkemiddel for å sikre etterleving. Vi søkjer no avdelingsdirektør til vår nye avdeling for brukardialog og tollbehandling og vi søkjer deg som vert motivert av samfunnsoppdraget, kan vise veg framover på denne endringsreisa og vil bygge for framtida.
Avdelingsdirektør er ansvarleg for målretta objektutvelging og effektiv oppfølging, rettleiing og dialog i den registrerte vareførselen før og ved grensepassering. Avdelinga skal bidra til etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel gjennom tverrfagleg samarbeid om heilheitleg verkemiddelbruk.
Som leiar har du fag-, personal- og resultatansvar. Avdelinga har om lag 120 medarbeidarar fordelt på 7 seksjonar med kontorstadar i Oslo, Bergen, Kongsvinger og Svinesund. Du har personalansvar for 7 leiarar, som utgjer leiargruppa til avdeling for brukerdialog og tollbehandling. Du vil rapportere til divisjonsdirektør og inngår i divisjonen si leiargruppe. Du må vere budd på å reise kringom til lokasjonane og til divisjonsleiarmøte i Bergen.
Tolletaten sin leiarplakat kommuniserer leiarprinsipp som er retningsgjevande for våre leiarar. Som leiar i Tolletaten er det nødvendig at du løfter blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Du må ha høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.
Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før eventuell tilsetjing, jf. vareførselslova § 1-4. Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/ NATO SECRET.
For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal på tlf. 95 81 16 72.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på
arbeidsgivarportalen.Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.