Vi treng DEG med på laget !
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med hjarte for habillitering ? Kåsa er velferd si største avdeling og du vil få ein stor gjeng med kollegaer, som alle er opptekne av godt miljøarbeid og miljøterapi til våre brukarar.
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.
Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Ved Kåsa Bu- og avlasting har me årsturnus, kor du er med på å utarbeide turnus etter dine behov. Det er mogleg med varierande rullering på helg med både langvaktar og ordinære vaktar.
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforhaldet startar. Denne attesten skal ikkje ligge ved søknaden
Personleg egna vert lagt til grunn ved tilsetting
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18
Treungvegen 505
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5161964275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.