Vi treng fleire ventilasjonsteknikerar med på laget i Blikkenslager Kvamme. Vi søker deg som har ei interesse for ventilasjon, med byggfagleg bakgrunn. Tømrar, elektriker eller anna med ønske om å prøve noko nytt? Er du sjølvstendig, påliteleg og likar ein aktiv kvardag? Trivst du i kombinasjonen av tekniske utfordringar og praktisk montasje? Då gledar vi oss til å høyre frå deg!
Du vil bli ein del av laget vårt som bistår både offentlege-, næring- og privatkundar lokalt i Stryn kommune.
Montering av ventilasjon
Service og oppgradering av eksisterande ventilasjonsanlegg
Kontakt med kundar, entreprenørar og handverkarar på byggeplass
Fagbrev som handverkar eller anna relevant byggfagleg bakgrunn
Gode ferdigheiter i bruk av handverktøy og maskiner
Evne til å forstå teikningar/byggdetaljar
Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Nøyaktig, praktisk og kvalitetsbevisst
Strukturert og løysingsorientert
Serviceinnstilt og trygg i kundedialog
Sjølvstendig, men samarbeidsvillig og god lagspelar
Initiativrik og ansvarleg i eigen arbeidskvardag
Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og fagsterkt miljø
Høve til å jobbe med spennande prosjekt lokalt
Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetansebygging
Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
Firmabilordning
For spørsmål om stillinga, kontakt Katrine Fjellvang.