Som fagansvarleg vernepleiar/sjukepleiar i Elvevegen får du ei sentral rolle i å sikre rett kompetanse gjennom målretta fag- og kompetanseutvikling. Du blir ein pådrivar for fagleg kvalitet, utvikling og læring, og bidreg til å styrkje eit allereie engasjert fagmiljø. Næraste leiar er avdelingsleiar, og de vil samarbeide tett om både faglege og organisatoriske oppgåver.
Stillinga er delt mellom 50 % fagansvar og 50 % turnusarbeid med dagvakter og arbeid kvar fjerde helg (kortvakter). Dette gjev deg ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utviklingsarbeid med nærleik til praksis og tenestene vi leverer kvar dag.
I Elvevegen bueining møter du eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester. Her bur 10 menneske i eigne leilegheiter, med ulike livssituasjonar og samansette hjelpebehov. Kvar dag arbeider vi for å gi trygge og individuelt tilpassa helse- og omsorgstenester. Vi yter også tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet, og har ei avlastingsbustad for born og unge med tilknytt dagsenter i bueininga.
Behovet for spesialisert kompetanse innan tenester til menneske med nedsett funksjonsevne er i stadig utvikling. Vi ønsker å møte desse krava med høg fagleg kvalitet og målretta utviklingsarbeid. Difor søker vi deg som brenn for fagutvikling, kompetanseheving og kvalitetsforbetring – og som ønsker å vere med på å vidareutvikle tenesta vår.
Vil du vere med og forme framtidas tenester saman med oss? Vi ser fram til å høyre frå deg.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.