Ved seksjon Forsking og innovasjon (FOI) er det no ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar. Stillinga gir høve til å påverke utvikling og bruk av helsedata, og inneber tett kontakt med leiarar, fagpersonar og pasienttryggingsmiljø.
Hovudformålet med kvalitetsregistera er å sikre betre pasientbehandling gjennom forbetringsarbeid. Målet er å minske uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. Registera er difor eit viktig verkemiddel for å nå sentrale helsepolitiske mål. Auka bruk av helsedata er òg eit uttalt nasjonalt satsingsområde for å fremje kunnskapsutvikling, forsking og innovasjon.
Med ny nasjonal strategi for registerfeltet skal datakvaliteten styrkjast, og vi skal leggje til rette for at registerdata vert brukt meir aktivt til forbetringsarbeid, styringsinformasjon og forsking. Rådgivaren skal bidra til at vi når målsetjingane på desse områda.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Reidar Thorstensen, Ass. seksjonsleiar, 48245211, reidar.christian.thorstensen@helse-bergen.no
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154588724
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.