Vil du vere med og gjere teknologi nyttig i kvardagen til tilsette, leiarar og innbyggjarar?
Ulstein kommune søkjer ein rådgivar innan digitalisering og utvikling som vil vere med å skape betre arbeidsprosessar og tenester ved smart bruk av teknologi. Stillinga skal styrke kommunen si evne til å ta i bruk digitalisering, kunstig intelligens og automatisering på ein trygg og målretta måte.
Du vil vere kommunen sitt bindeledd mot vårt IT-selskap, SSIKT, og bidra til å omsetje behov til gode digitale løysingar – frå behovsavklaring og prioritering til innføring, opplæring og gevinstrealisering.
Vi ønskjer ein person som likar å prøve, teste, forklare og få ting til å verke i praksis.
Du må kunne snakke med både leiarar, fagfolk, leverandørar og tekniske miljø, og du klarer å omsetje idear til løysingar som blir tekne i bruk.
Arbeidsoppgåver
- vere lokal pådrivar for digitalisering, kunstig intelligens, automatisering og tenesteutvikling.
- fange opp behov i organisasjonen og omsetje dei til prioriterte og gjennomførbare tiltak.
- koordinere og leie lokale IKT og digitaliseringsprosjekt i samarbeid med leiarar, fagmiljø og SSIKT.
- ha oversikt over kommunen si lokale portefølje av digitale tiltak, med ansvar, framdrift, risiko, gevinstar og ressursbehov.
- byggje kompetanse gjennom opplæring, rettleiing, malar og praktiske brukardøme.
- vere kommunen sin lokale kontakt og koordineringsressurs mot SSIKT og relevante regionale og nasjonale digitaliseringsinitiativ.
- støtte leiarar og fagmiljø i automatisering, trygg bruk av data, betre arbeidsflyt og meir effektiv ressursbruk.
- bidra ved innkjøp og innføring av digitale løysingar, med merksemd på behov, informasjonssikkerheit, personvern, arkitektur og økonomi.
- følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning eller dokumentert erfaring innan digitalisering, teknologi, organisasjonsutvikling, prosjektleiing, forvaltning eller tilsvarande
- dokumentert kompetanse eller særleg sterk interesse for kunstig intelligens og digitale arbeidsformer
- evne til å gjere teknologi forståeleg og nyttig for leiarar, fagmiljø og tilsette
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
- erfaring frå digitaliseringsarbeid, automatisering, forbetringsarbeid, systemforvaltning, prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordel
- kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, databehandlaravtalar og risikovurdering er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er nysgjerrig, praktisk og løysingsorientert
- likar å teste ut nye verktøy og vise andre korleis dei kan brukast
- arbeider strukturert og har sterk gjennomføringsevne
- bygger gode relasjonar og får folk med deg
- forstår at digitalisering handlar like mykje om menneske, arbeidsprosessar og leiing som om teknologi
- har god rolleforståing og evnar å balansere lokale behov med felles løysingar
Vi tilbyr
- ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med digital utvikling og praktisk bruk av ny teknologi
- høve til å påverke korleis Ulstein kommune brukar kunstig intelligens og digitale verktøy i kvardagen
- varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, organisasjon og tenesteutvikling
- tett samarbeid med leiarar, fagmiljø, SSIKT og regionale utviklingsmiljø
- løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Ulstein kommune er ein framoverlent kommune med høge ambisjonar for tenestene, organisasjonen og lokalsamfunnet. Vi arbeider for å gi innbyggjarane gode tenester, sikre god styring og utvikle kommunen i lag med tilsette, folkevalde, innbyggjarar og samarbeidspartar.
Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaring. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5152122182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026