Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune?
Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon.
No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning.
Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling.
Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg.
Du får:
✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde
✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar
✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon
✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt
Om oss
Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen.
Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring.
Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda:
Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje.
Er du nysgjerrig på stillinga?
Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap.
Christina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5156051386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.