Avselingsleiar langtidsavdelinga
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.
Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.
Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!
Dette er Vinje sjukeheim:
Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)
Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod.
Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor.
Me oppmodar nyutdanna til å søkje.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5152092671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!