Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
Herunder:
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.
Vi søker deg som:
Eirin Buner Otterlei, Styrar, 98082266, eirin.buner.otterlei@haram.kommune.no
Lepsøyvegen 23
6292 Kjerstad
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5151534353
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 31.12.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.