Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Vi tilbyr tverrfagleg oppfølging med støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar og gjeremål. Dette omfattar mellom anna hjelp til personleg hygiene, ernæring, sosial deltaking og meistring av både somatiske og psykiske utfordringar.
Vi har ledig ei fast helgestilling på 28 % som assistent, med arbeidsstad for tida på Vassenden.
Arbeidet er organisert i turnus med arbeid kvar fjerde helg. Stillinga inneber langvakter frå fredag morgon til søndag kveld, og vaktene kan ikkje delast opp. Arbeidstida er fredag, laurdag og søndag kl. 08.00–20.30. Arbeid i bustad der du følgjer opp ein tenestemottakar i eit butiltak
Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar særleg menn til å søke på stillinga.
Det vert kravd at du kan legge fram gyldig politiattest av ny dato før tiltreding i stillinga.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.