Er du klar for å bli med på laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus? Vi har ledig ei fast 100% stilling som lege i spesialisering i radiologi. Oppstartsdato etter avtale med seksjonsleiar.
Som lege i spesialisering hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling. Radiologi som fagområde veks raskt, og vi er på veg inn i ei tid der ny teknologi gir oss uante moglegheiter!
Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss vil du få erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab. Vi har 8 LIS-stillingar og 13 overlegestillingar. Frå 2025 vil overlegestillingane utelukkande vere besette av eigne, faste tilsette. Overlegane våre utgjer ei inkluderande og fagleg engasjert gruppe som bidreg til gode spesialiseringsløp for våre LIS. Fleire av legane har doktorgrad, så tilhøva ligg til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette. Vi har allereie ein LIS som startar hos oss i 2026. Vil du vere med i gjengen?
Ved å velje Radiologi Ålesund får du ein variert og spennande arbeidskvardag. Du vil få tildelt ein dyktig rettleiar, og det blir utarbeidd ein individuelt tilpassa opplæringsplan for dei første to månadene før du går inn i sjølvstendige vakter. Du vil bli godt ivareteken, med jamleg oppfølging frå både rettleiar og leiar.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk!
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men om du ikkje har høve før haust 2026 vil vi likevel at du legg inn ein søknad. Intervju av søkjarar vert gjort fortløpande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV.
Det er gode moglegheiter for gjennomføring av gruppe 1-teneste ved St. Olavs hospital, Oslo universitetssjukehus eller andre universitetssjukehus.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Ålesund:
Ålesundsregionen er eit eldorado av fjell og sjø og byr på varierte naturopplevingar i fritida. Byen har òg eit rikt kulturliv. Flyplassen ligg sentralt, om lag 25 minutt frå sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, både innanlands og utanlands. Les meir om Ålesund her.
Gulay Kar, Avdelingssjef, gulay.kar@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5140504816
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026