Voss sjukehus søkjer etter spesialist i ortopedisk kirurgi.
Ortopedisk seksjon har ledig eit vikariat for spesialist i ortopedi i perioden 01.11.2026 - 31.01.27 då ein av ortopedane våre skal ha foreldrepermisjon.
Voss sjukehus Ortopedisk seksjon har fem fast tilsette ortopedar og tre LIS 3. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi, og fot- og ankel kirurgi. Erfaring innan eitt eller fleire av desse fagområda er ei føremon. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Birger Norderud Lærum, Direktør, 56533763
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5147209297
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 28.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.