Har du lyst å jobbe med barn i ein spanande kommune?
Vi treng tilkallingsvikarar i barnehagane i Herøy kommune, for fråvær som kan oppstå fortløpande.
Vi søker engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar der du får moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi tilset etter gjeldane tariffavtale, lover og reglement.
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299
Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5044763828
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 09.03.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !