Vil du leie medisinsk fagutvikling ved eit av Noregs mest unike lokalsjukehus?
Ved Odda sjukehus har vi no ledig fast stilling som avdelingsoverlege då noverande avdelingsoverlege går av med pensjon. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiing, utvikling av tenesta og vidareutvikling av framtidas lokalsjukehus.
Odda sjukehus er ein viktig del av Helse Fonna sitt akuttilbod og gir tenester til innbyggjarane i Hardanger og indre delar av Sunnhordland. Sjukehuset har akuttmedisinsk beredskap, poliklinikkar og sengepostar innan fleire fagområde, og er kjenneteikna av korte avstandar, brei kompetanse og tett samarbeid på tvers av profesjonar. Som avdelingsoverlege vil du vere ein sentral bidragsytar i arbeidet med å sikre robuste tenester og vidareutvikle medisinsk behandling ved sjukehuset. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, samt vere ein fagleg rådgivar for leiinga.
I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utanfor døra. Samstundes er du del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar.
Vi ønskjer kandidatar som vil vere med å forme framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus.
Oppstart etter avtale.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Hos oss får du:
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter.
John Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776, john.conrad.brandso@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750 ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5155812266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.