Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har eit ledig vikariat i 100 % stilling med snarleg oppstart og fram til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting.
Er du ein engasjert fagperson og ynskjer å vere del av eit fagmiljø der du kan gjere ein positiv skilnad? Vi søker deg som ynskjer varierte barnevernfaglege oppgåver i eit miljø med erfarne tilsette som er opptatt av utvikling, samarbeid og med eit høgt fagleg fokus!
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 8,1 årsverk og har godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å tilby tiltak for barn, unge og familiar der dei bur og vi har fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga. Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid med andre tenester.
Tenesta jobbar etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor ein variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.
- Påbegynt eller fullført masterutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste.
- Førarkort klasse B (Krav)
Vi ynskjer deg som:
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 949 78 343
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5160485687
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.09.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.