Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune. Vi har 343 elevar fordelt på 15 klassar, og vi er rundt 50 tilsette. Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.
Hos oss på Sund ungdomsskule får du vera med på å gjera ein forskjell. Du får vera med på å skapa eit godt miljø for elevane og bidra til at dei får ein triveleg skulekvardag. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna. Hos oss blir laget rundt eleven og det å jobba for at alle elevar finn sin plass i fellesskapet viktig. Vil du vera med på dette laget?
Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på kjekke ting saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifisert og har høg kompetanse. Det å delta i eit profesjonelt læringsfellesskap der ein utvekslar gode idear og tankar saman med dyktige folk, bidrar til både godt lærings- og arbeidsmiljø.
For oss er det viktig at alle skal ha ei god oppleving av skuletida si, og at dei tre åra hos oss skal bli til gode minne. Vi er ein Mot-skule, og vi nyttar MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16".
Laga timeplanar, dagsplanar og få kvardagskabalen til å gå opp.
Vera bindeleddet mellom fagarbeidargruppa og leiinga på skulen.
Jobba saman med leiinga i saker som gjeld fagleg utvikling i gruppa du leiar.
Gi støtte og rettleiing til kollegaene dine.
Vera ein trygg vaksenperson for enkeltborn og grupper.
Leggja til rette for at born og unge opplever eit positivt fellesskap og lærer å samhandla med andre.
Leggja til rette for læring gjennom ulike aktivitetar som drama, musikk, forming og friluftsliv.
Hjelpa til med praktiske gjeremål som stell, påkledning og mat.
Halda god kontakt med foreldre og samarbeida tett med andre tilsette for å sikra ungdommen sitt beste.
Tilpassa aktivitetar og tilnærmingar til unge med ulike behov og føresetningar.
Vurdera og dokumentera ungdommane si utvikling og framgang.
Hjelpa til i skulefritidsordninga for ungdom.
Ha ansvar for planlegging og oppfølging av noko individuell tilpassa opplæring med enkeltelevar.
Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine, deler kunnskap og bidrar aktivt i utforminga av kvardagen til ungdommane. Du er løysingsorientert, fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
Trygg: Du er ein trygg vaksen som likar å jobba med ungdom, og du er omsorgsfull, påliteleg og robust.
Positivt elevsyn: Du leitar etter styrkane til ungdommane og fokuserer på det dei kan få til og byggjer vidare på dette. Du gjer nødvendige tilpassingar undervegs.
Kommunikasjonsevner: Du har gode evner til å byggja relasjonar med ungdom, føresette og kollegaer. I tillegg har du god evne til å løysa komplekse utfordringar og å jobba effektivt, strukturert og systematisk.
Stressmeistring: Du taklar ein til tider uføreseieleg kvardag og du trivst i eit travelt og lærerikt miljø, samstundes som du har tolmod når elevar treng tid til å tilpassa seg nye situasjonar og tileigna seg nye ferdigheiter..
Anne Hufthammer, rektor Sund ungdomsskule, tlf: 90984271
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.