Har du kunnskap om eller bakgrunn i arkivfag eller historie? Har du lyst til å jobbe med ordning av arkiv med stor historisk verdi? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein prosjektleiar til prosjektarbeid i to år.
Stillinga passar for deg som liker systematisk arbeid, og som har interesse for og innsikt i statsforvaltninga og kjennskap til arkivfaglege prinsipp.
KUD skal ordne papirarkiva sine og lyser derfor ut ei stilling som prosjektleiar. Prosjektgruppa skal ha ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Oppstart etter avtale.
Målet for prosjektet er at papirarkiva til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet. Arkiva skal ordnast og listeførast i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv.
god rolleforståing
Det er ein fordel om du har erfaring frå arkiv i offentleg sektor, og gjerne frå departementsarkiv
Søkjarar må kunne autoriserast til nivået «BEGRENSET» i tråd med sikkerhetsloven
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Stillingskode og lønn:
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, kontorsjef, på e-post: ida.tobro@kud.dep.no
Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.
Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap.
Eininga for dokumentasjon har ansvaret for dagleg drift og utvikling av arkiv og dokumentasjonsforvaltning i departementet og skal sørgje for at rutinar og dokumenthandtering er i tråd med gjeldande reglar og instruksar.
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.