Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida?
Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.
Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.
Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken, konsulent i resepsjonen og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane.
Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet.
Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.
Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.
Vi ser etter deg som er:
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar avdeling 1, +4791004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5088307896
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 19.07.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.