Leiar førebyggande tenester
Er du helsesjukepleiar og ønskjer å jobbe i ein liten kommune med stort engasjement for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid?
I Samnanger kommune søkjer vi no etter ein trygg, engasjert og relasjonell helsesjukepleiar som ønskjer å bidra i arbeidet med å fremje god helse, meistring og livskvalitet for barn, unge og familiar.
For rett kandidat kan det vere aktuelt å få ein funksjon som fagansvarleg helsesjukepleiar. Funksjonen vil omfatte oppgåver knytt til fagutvikling, kvalitetsarbeid og interkontroll, og vert vurdert nærare ut fra kompetanse, erfaring og kommunen sine behov.
Stillinga er organisert under førebyggjande tenester i Eining for livsmeistring, og inngår i det tverrfaglege arbeidet i Samnangerhjelpa. I dag er det to 100 % stillingar knytta til helsestasjon - og skulehelseteneste.
I Samnanger kommune jobbar me aktivt med tidleg innsats, BTI (Betre tverrfagleg innsats) og lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Me er opptekne av å byggje laget til barnet og samarbeidar tett på tvers av tenester og fagmiljø.
Hjå oss får du arbeide i eit lite og nært fagmiljø med korte avstandar mellom tenestene, høg grad av samarbeid, sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene. Du vil bli ein del av eit engasjert tverrfagleg miljø som arbeider for å skape gode oppvekstvilkår og fremje psykisk og fysisk helse blant barn og unge.
Krav:
Ønskjeleg:
Vi ser etter deg som:
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn.
Dersom du har utdanning frå utlandet, må denne vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom du ber om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord, og få høve til å trekkje søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vert du medlem i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank- og forsikringstenester, og er Noregs største pensjonsselskap. Ordninga omfattar mellom anna alderspensjon, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring.
Søknad må sendast innan søknadsfristen gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge.
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen har omlag 2 500 innbyggjarar, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Førebyggande tenester, pleie og omsorg, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.