Musikk er ein viktig del av livet i Spjelkavik kyrkjelyd. No søkjer vi ein kantor som vil vere med å utvikle dette arbeidet vidare.
Spjelkavik kyrkjelyd søkjer ein kantor som ønskjer å vere med og utvikle eit levande kyrkjemusikalsk arbeid i ei aktiv og framtidsretta kyrkjelyd. Vi ser etter deg som kombinerer fagleg tryggleik med skaparglede, og som trivst i samspel med både tilsette, frivillige og menneske i alle aldrar. Du er ein relasjonsbyggjar som ser musikken som ein naturleg del av kyrkja sitt oppdrag og liv.
I Spjelkavik ønskjer vi å vere ei open og inkluderande folkekyrkje der menneske møter Gud, kvarandre og seg sjølve gjennom tru, fellesskap, teneste og kultur. Musikk er ein viktig del av dette arbeidet.
Spjelkavik kyrkjelyd ligg sentralt i Ålesund kommune og har om lag 18 000 medlemmer. Kyrkjelyden har eit rikt og mangfaldig arbeid innan gudstenesteliv, kyrkjelege handlingar, trusopplæring, diakoni og kultur.
Kyrkjelyden har ein aktiv korskule med tilbod frå babysong og småbarnssong til barne- og ungdomskantori. Korskulen er ein viktig del av kyrkjelyden sitt arbeid med barn, unge og familiar. Kyrkjelyden har òg eit eige kulturutval som arbeider for å utvikle kyrkja som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet.
Staben består av dagleg leiar, tre prestar, to kateketar, diakon, kantor, organist, kyrkjetenar og ein kyrkjelydspedagog. I tillegg har vi eit stort og engasjert frivillig fellesskap som bidreg på mange område.
Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der menneske får bruke styrkane sine, utvikle seg fagleg og lukkast saman med andre. Vi arbeider aktivt for å byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, meistring og felles ansvar for oppdraget vårt.
Arbeidsstaden for stillinga er Spjelkavik kyrkje. Kyrkjelyden har også gudstenester på Hatlehol, der musikken i hovudsak blir ivareteken av frivillige musikarar og band.
Spjelkavik kyrkje ligg sentralt på Moa og er ei moderne arbeidskyrkje med gode fasilitetar. Kyrkjerommet har eit Petrof-flygel frå 2012 og eit Markussen-orgel med 26 stemmer frå 1992. Kyrkja disponerer også gode øvings- og møtelokale.
Arbeidsoppgåver kan tilpassast søkjaren sine kvalifikasjonar og interesser.
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt.
Astrid Eide, daglig leder, 48212111
Vestmoa 20
6018 Ålesund
Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5150874060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Ålesund kyrkjelege fellesråd omfattar sju sokn og ei gravplassavdeling, betente av seks staber.
Fellesrådet har 44 tilsette, i tillegg til sesongarbeidarar i vekstperioden. I sokna gjer 12 prestar og éin prost teneste.
Det er til saman ti kyrkjebygg og ei rekkje andre bygg i fellesrådsområdet. I tillegg forvaltar fellesrådet 15 gravplassar.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.