UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet er det ledig åtte (8) opne stipendiatstillingar med oppstart frå februar 2027. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på tre (3), eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre (3) år.
Desse stillingane er opne for søkjarar som har mastergrad som er relevant for fakultetet sine forskingsområde.
Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.
Denne utlysinga gjeld stillingar knytte til forskingsprosjekt ved:
– Institutt for biomedisin (IBM)
– Klinisk institutt 2 (K2)
– Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)
– Klinisk institutt 1 (K1)
For søkjarar frå Institutt for klinisk odontologi (IKO) vert det synt til eiga utlysing.
Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.
Dei som vert uteksaminert hausten 2026 startar i stillinga 1. februar 2027. Dei som vert uteksaminert våren 2027 startar i stillinga 1. september 2027.
Dei som får dei øyremerkte stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.
Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterium:
Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.
Stilling som stipendiat har som mål at kandidaten skal fullføre forskarutdanning fram til doktorgrad. Stipendiaten skal gjennomgå eit godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga.
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje verte tilsett i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
Særlege krav til stillinga
Regelverket for
eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden.
Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak til ph.d.-programmet.
Hovudrettleiar må ha hovudstilling (minst 50% stillingsstorleik) ved Det medisinske fakultet. Unntak kan verte gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet.
Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein annan person tilsett ved fakultetet. En person kan ikkje være hovudrettleiar på søknadstidpunktet dersom han/ho vert pensjonert (inkludert emeritus) i løpet av stipendperioden.
Berre éin søknad frå kvar hovudrettleiar vil verte evaluert.
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte oss på fellesutlysning ved Det medisinske fakultet
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.